Hopp til hovedinnhold

Grunnleggjande prinsipp

Prioriteringer og kvalitetsstandarder

Evalueringsarbeidet skal nytte anerkjende vitskaplege metodar for innsamling av informasjon og data og for analyse, inkludert vurderingar av korleis slutningar blir trekte frå datagrunnlaget.

Mandat og metode for evalueringane skal tilpassast kompleksitet, omfang og tilgjengelege ressursar.

Evalueringsfaglege kvalitetsstandardar og prinsipp skal leggjast til grunn, mellom anna:

Truverd

Truverd skal sikrast gjennom høg evalueringsfagleg kvalitet, uavhengigheit og openheit. Kvalitet i denne samanhengen inneber etterleving av anerkjende evalueringsfaglege standardar og vitskaplege metodar. Truverd er vidare knytt til oppfatninga av om evalueringsverksemda er uavhengig, i tillegg til openheit om evalueringsfunn og korleis desse har kome fram.

Uavhengigheit

Evalueringsprosessen skal vere uavhengig, valet av evalueringar skal vere upartisk, og evalueringsoppgåva skal gjennomførast utan press frå den eller dei som blir evaluerte, eller frå andre. Evalueringsavdelinga, verksemda hennar og arbeidet skal følgje DAC–OECD sine evalueringsstandardar for uavhengig evaluering.

Openheit

Openheit er avgjerande for å sikre at bistandsaktørane er ansvarlege for forvaltninga av bistandsmidlane. Alle evalueringsrapportar, inkludert informasjon om korleis funna har kome fram, skal vere offentleg tilgjengelege. Det same gjeld planar for oppfølging av evalueringsfunna.

Bruk

Evalueringar skal bidra med kunnskap som er relevant for læring i utviklingssamarbeid og for bruken av bistandsmidlar. Funn, konklusjonar og tilrådingar skal utformast slik at dei kan nyttast av forvaltninga.

Etikk

Evalueringar må gjennomførast med integritet, i tråd med dei tverrgåande omsyna i utviklingspolitikken, samt «do no harm»-prinsippet, forskingsmessig forsvarleg praksis og andre overordna etiske prinsipp. Dersom straffbare forhold blir avdekte, skal dette rapporterast til Sentral kontrollenhet i Utanriksdepartementet eller til kontrolldirektøren i Klima- og miljødepartementet, i samsvar med varslingsplakaten i Norec.

Breidde i deltakinga

Det skal leggjast vekt på å involvere dei ulike interessentane i alle fasar av evalueringsprosessen – i planlegging, gjennomføring og oppfølging – inkludert berørte partar i samarbeidslanda.

Ei gruppe menneske. Ein person i blå dress snakkar og sit med beina i kross. Fleire andre høyrer på. Alle smiler.