Hopp til hovedinnhold
Nyhet

Lansering av evalueringsprogrammet 2026-2027

I ei tid prega av krig, geopolitisk uro og aukande press på internasjonalt samarbeid, har behovet for kunnskap aldri vore større. Kva fungerer – og kvifor? Korleis kan evaluering bidra til betre prioriteringar, læring og ansvarleg bruk av ressursar i norsk utviklingssamarbeid?

  • Digitalt
  • 29.01.2026, 13:00-14:00
Sjå evalueringsprogrammet
Bilete av skog og elv.

Avdeling for evaluering av norsk utviklingssamarbeid inviterer til lansering av Evalueringsprogrammet 2026–2027.


Direktør Henrik Nordal presenterer hovudlinjene i programmet og dei sentrale temaa som vil prege evalueringsarbeidet dei komande åra. Deretter følgjer ein panelsamtale om rolla til evaluering i dagens raskt skiftande globale kontekst. Er det mogeleg å ha ein kunnskapsbasert norsk utviklingspolitikk?

Program

  • Introduksjon
  • Innleiing v/statssekretær Stine Renate Håheim
  • Presentasjon av Evalueringsprogrammet 2026–2027 v/Henrik Nordal
  • Panelsamtale med Henrik Nordal, evalueringsdirektør Eval, Elling Tjønneland, statsvitar og seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt (CMI) og Tine Mørch Smith, ekspedisjonssjef Globalavdelinga, UD.
  • Diskusjon og spørsmål

Velkomen til lansering!