
Korleis kan klima- og skogsatsinga (NICFI) gi størst mogleg effekt? Innsikt frå eit delegasjonsbesøk til Peru og Colombia vil forme den komande evalueringa av KOS/NICFI – med fokus på læring, effekt og framtidig strategisk retning.
I samband med signering av nye skogavtalar mellom Norge, Peru og Colombia, fekk tilsette ved avdeling for evaluering av norsk utviklingssamarbeid moglegheit til å bli med den norske delegasjonen på partnarmøte, saman med kollegaar frå UD, KLD og Norad. På reisa deltok seniorrådgjevar Anne-Thora Vardøy-Mutale og rådgjevar Ali Kaifi. Besøket gav eit viktig grunnlag for arbeidet med den komande evalueringa.
Frå innsikt til betre forståing
Klima- og skoginitiativet vart etablert i 2008 og er eitt av Noreg sine mest langsiktige bidrag til global klima- og naturpolitikk.
Initiativet arbeider i fleire sentrale skogland i Latin-Amerika, Afrika og Asia, og nyttar ein brei verkemiddelportefølje som spenner frå arealbrukspolitikk og urfolksrettar til finans og råvaremarknader.
Den komande evalueringa vil sjå på resultat over tid, utviklinga i porteføljen og korleis ulike verkemiddel har bidrege til å redusere avskoging. Hovudformålet er å gi innsikt og læring som kan bidra inn i arbeidet med å forme ein post 2030 strategi for KOS.
Erfaringane frå partnarmøta synte at rapportering åleine ikkje gir eit fullstendig bilete.
– Viss ein berre les rapportar, kan ein sitje att med eit avgrensa bilete av kva programmet har oppnådd. Men i møte med aktørane på regionalt, nasjonalt og lokalt nivå får ein ei betre forståing av kva den norske innsatsen har betydd for globale regnskogar som ikkje alltid er like godt dokumenterte i eksisterande rapportering, fortel seniorrådgjevar Anne-Thora Vardøy-Mutale.

Skogen under press
Avskoginga i Amazonas skjer i eit landskap prega av sterke og ofte motstridande interesser. Store økonomiske verdiar er knytte til naturressursar, samstundes som institusjonar og styresmakter mange stader har avgrensa kapasitet til å handheve regelverk.
Gjennom arbeidet i Peru og Colombia vart det tydeleg at situasjonen mange stader er krevjande og i nokre tilfelle forverra, prega av sterke økonomiske drivkrefter, styringsutfordringar og aukande press frå ulovlege aktivitetar.
Illegal gullutvinning peikar seg ut som ei særleg øydeleggjande drivkraft.
– Det som gjorde sterkast inntrykk, var omfanget av øydeleggingane frå ulovleg gullutvinning. Aktørane flyttar kjapt frå område til område, jordsmonnet blir fjerna heilt, vassdrag blir forureina av kvikksølv, og områda kan ikkje førast tilbake til skog. Nærvær av kriminelle aktørar fører til ei heil rekke dramatiske konsekvensar for lokalsamfunna for både flora, fauna og folk. I enkelte område er aktiviteten så omfattande at styresmaktene har mista territorial kontroll, seier Vardøy-Mutale.

Samtidig vart koplinga mellom lokale utfordringar og globale drivkrefter tydeleg. Etterspurnad etter råvarer på verdsmarknaden bidreg til presset på skogen, medan konsekvensane blir kjende lokalt – ofte under krevjande og til dels risikofylte forhold.
I fleire område er framgangen sårbar og kan raskt gå tilbake dersom dei underliggjande drivkreftene ikkje blir handterte. Samstundes stoppar ikkje avskoging og skogkriminalitet ved landegrenser, noko som understrekar behovet for sterkare regionalt samarbeid.
– Dette er ikkje berre eit nasjonalt spørsmål. Mange av drivkreftene er grensekryssande, og det krev tettare samarbeid globalt og mellom land for å kunne handtere utfordringane, seier Vardøy-Mutale.
Innsikt frå felt
Gjennom direkte møte med aktørar fekk delegasjonen eit konkret innblikk i korleis arbeidet fungerer i praksis. Representantar frå nasjonale og regionale styresmakter, urfolksorganisasjonar, sivilsamfunn, implementerande partnarar og multilaterale organisasjonar gav sitt perspektiv på utfordringane dei møter og kva moglegheiter dei ser framover.
– Dette er innsikt ein ikkje får frå rapportar. Ein må møte menneska, høyre erfaringane deira og forstå kvardagen dei arbeider i. Ein må forstå korleis ting faktisk fungerer i praksis, ikkje berre korleis dei er meint å fungere på papiret, seier rådgjevar Ali Kaifi.
Samtalane synte både breidda i innsatsen og utfordringane med gjennomføring. Sjølv om regelverk ofte er på plass, er det krevjande å få det til å fungere i praksis.
– I mange tilfelle er ikkje utfordringa mangel på politikk eller regelverk, men gjennomføringsevne. Det er der mykje av kompleksiteten ligg, fortel Kaifi.
Delegasjonsbesøket hadde som mål å styrkje grunnlaget for evalueringa. Som del av Team Norway deler evalueringsarbeidet den same overordna målsetjinga som dei andre aktørane i NICFI: å maksimere effekten av norske bidrag.

Med læring i sentrum
Eitt av dei tydelegaste inntrykka frå besøket er behovet for å setje læring tydeleg i sentrum av evalueringa. I dagens situasjon med klimaendringar og aukande press på globale regnskogar i kombinasjon med globale bistandskutt er det avgjerande å forstå kvar innsatsen gir best resultat, korleis han bør organiserast og kva ein må prioritere framover.
– Vi må forstå korleis den norske innsatsen verkar i praksis – kvar innsatsen gir gode resultat, kvar han gir mindre effekt, og kvar dei viktigaste gapa ligg. Det handlar ikkje berre om å dokumentere det som er gjort, men om å få eit betre grunnlag for å vurdere kva som bør gjerast annleis framover og kva ein bør prioritere, fortel Vardøy-Mutale.
Eit sentralt spørsmål er kva ein kan byggje vidare på og kva som bør justerast fram mot 2030 og vidare mot 2035. Samstundes må ein vurdere korleis programmet har utvikla seg, og om det har tilpassa seg endra utfordringar.
– Dette handlar eigentleg om å forstå kva KOS/NICFI har oppnådd, kva rolle innsatsen har og har hatt for globale regnskogar og klima, kva område og tematikk ein bør prioritere framover og i kva grad vi lærer godt nok på tvers av land, aktørar og kontekstar, seier ho

Sterkare evalueringsgrunnlag
Arbeidet med evalueringa er i gang, og utlysinga er venta før sommaren. Evalueringa skal etter planen starte seinare i år.
Gitt omfanget vil arbeidet gå over fleire år, med delrapportar i perioden 2027–2029.
Som Vardøy-Mutale understrekar, har innsikta frå felt vore nyttig i utforminga av evalueringa:
– Å møte aktørar direkte og sjå konteksten på nært hald har vore viktig. Det gir oss eit betre grunnlag for å forme ei evaluering som kan bidra med relevant og nyttig kunnskap framover, seier Kaifi.
Meld deg på nyheitsbrev
Vil du vite meir om evalueringane vi jobbar med? Meld deg på nyheitsbrevet vårt og få innsikt og oppdateringar direkte i innboksen.