
I mars 2025 vedtok regjeringa at evalueringa av norsk utviklingsbistand skulle flyttast frå Norad i Oslo til Norec i Førde, med verknad frå 1. januar 2025.
Vil bidra til global utvikling av evalueringsfeltet
Evalueringsavdelinga gjennomfører uavhengige evalueringar av Noregs utviklingssamarbeid. Evalueringane skal bidra til å gjere norsk utviklingssamarbeid meir kunnskapsbasert og sikre ansvarleggjering av aktørane i norsk utviklingspolitikk.
– Vi skal gjennomføre fagleg sterke evalueringar som er relevante både for politikarar og for dei som forvaltar norske bistandsmidlar. Gjennom arbeidet vårt vil vi bidra til den globale utviklinga av evalueringsfeltet og vere med på å forme utviklingsarbeidet for framtida, seier Nordal.
Evalueringsavdelinga vil vere ein del av verksemda til Norec i Førde, men direktøren for avdelinga vil rapportere direkte til departementsråden i Utanriksdepartementet.
Dei sju personane som arbeider i evalueringsavdelinga er:
Anne-Thora Vardøy-Mutale - Seniorrådgjevar
Anne-Thora Vardøy-Mutale er seniorrådgivar og kjem til Norec frå stillinga som direktør for partnarskap og innovasjon ved the Southern African Institute of Collaborative Research and Innovation (SAICRIO) i Zambia. Ho har tidlegare vore fagdirektør for programutvikling og kvalitet i Redd Barna Zambia, òg leiar for eit datadrive utdanningsprogram i belgiske VVOB.
Som rådgjevar i UNDP Malawi jobba ho med styresett, bistandseffektivisering, auka kunnskapsbruk i FN-programmering og hadde ansvar for innovasjonsarbeidet gjennom innføringa av «Accelerator Labs».
Ho har tverrfagleg og multikulturell kompetanse frå å ha utvikla og leia komplekse prosjekt innan blant anna styresett, utdanning, helse og klima for og med ulike partnarar og donorar. Viktige styrker inkluderer utvikling av kunnskapsbaserte planar, prosjekt, strategiar og policy, bygging og vedlikehald av partnarskap, evalueringar, kvalitativ og kvantitativ forsking, ressursmobilisering og leiing av tverrfaglege team.
Ho er opptatt av å jobbe med og gjennom statsapparata der det lar seg gjere og få til endringar frå innsida, i tillegg til å ha eit tett samarbeid med lokale samfunn og aktørar.
Laura Tagle - Seniorrådgjevar
Laura Tagle er seniorrådgivar med over 25 års erfaring innan evaluering, både som byråkrat (i Italia og for Verdsbanken) og som konsulent for stiftingar og offentlege organisasjonar på internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.
Hennar hovudinteresser er evalueringar for lokale koalisjonar og bruk av evalueringar for å støtte politikkutvikling og implementering. Laura har vore medlem av styra i European Evaluation Society (EES) og International Development Evaluation Association (IDEAS). Ho har ein grad i økonomi og ein mastergrad i internasjonal utvikling og regional planlegging.
Rola Hbeichi - Seniorrådgjevar
Rola Hbeichi er seniorrådgiver og en erfaren MEL-fagperson med solid bakgrunn innen internasjonal utvikling og humanitært arbeid. Hun har støttet organisasjoner med å utvikle MEL-systemer, gjennomføre evalueringer og fremme læring og samarbeid på tvers av team.
Med en MBA og en grad i internasjonale relasjoner har Rola jobbet med prosjekter i Libanon, Syria og Irak – med fokus på nødhjelp, infrastruktur og lokalsamfunnsutvikling. Arbeidet hennes legger vekt på praktiske, kunnskapsbaserte løsninger som er tilpasset lokale behov.
Rola snakker flytende arabisk og engelsk, og trives med å jobbe sammen med ulike partnere for å skape positiv og varig effekt. For tiden er hun med på å lede utviklingen av et flerårig program for evalueringsavdelingen, der hun bidrar til å forme langsiktige strategier og læringsrammeverk – med både struktur og et smil.
Kai Brand-Jacobsen - Seniorrådgjevar
Kai Brand-Jacobsen er seniorrådgivar. Han har over tjue års erfaring med arbeid i store evalueringsprosessar og effektmålingar i konflikt- og kriseramma område, i tillegg til fredsbygging og krisehandtering i Europa, Latin-Amerika, Midtausten, Asia og Afrika.
Frå mai 2025 var han leiar for OECD EvalNet si arbeidsgruppe for konflikt og sårbarheit. Fram til 2024 var han president for det rumenske fredsinstituttet og direktør for avdelinga for fredsoperasjonar.
I 2019 vart han tildelt Mahatma Gandhi – Martin Luther King Jr. – Ikeda Lifetime Achievement Award for ekstraordinære bidrag til menneskeslekta, av Martin Luther King Jr. sitt alma mater, Morehouse College. Arbeidet hans er òg eit av temaa i dokumentarfilmen In Pursuit of Peace.
Dei noverande fokusområda hans inkluderer evaluering i sårbare og konfliktpåverka kontekstar, nyskapande bruk av evalueringsresultat i politikkutforming og utvikling og gjennomføring av tiltak.
Han arbeider med å forme evalueringsprosessar og praksisar som møter behova til både praktikantar og politikkutformarar, fremjar læring og forbetring, og som er forankra i reell og inkluderande deltaking frå interessentar og lokalsamfunn. Dette skal bidra til styrkt eigarskap og kapasitet lokalt og nasjonalt gjennom medverknad og samarbeidande tilnærmingar.
Muhammad Ali Kaifi - Rådgjevar
Muhammad Ali Kaifi er rådgiver og har lang erfaring med å levere løsninger som bidrar til bærekraft, utvikling og godt styresett. Han har en mastergrad i bærekraftige omstillinger fra Universitetet i Stavanger og en bachelorgrad i politikk og internasjonale relasjoner fra anerkjente London School of Economics.
Siden 2017 har Ali jobbet med forskning og rådgivning, der han har ledet prosjekter som bidrar til omstilling for bærekraft. Han har kompetanse på konsekvensutredninger, ESG-rapportering (miljø, sosiale forhold og selskapsstyring) og analyser av karbonavtrykk. Gjennom dette har han hjulpet organisasjoner med å nå sine klima- og utviklingsmål.
Ali har gitt råd til aktører i både Norge og Pakistan om hvordan de kan ta ESG-prinsipper inn i sine strategier, bruke data for bedre beslutninger og tilpasse store utviklingsprogram til internasjonale standarder for bærekraft. Han jobber for å knytte politikk og praksis sammen, og styrke motstandsdyktighet, åpenhet og ansvarlighet i krevende omgivelser.
Laura Stana - Rådgjevar
Laura Stana er rådgivar med ein variert bakgrunn innan prestasjonsstyring, forsking og kommunikasjon på tvers av private, ideelle stiftingar og offentlegesektorar. Ho har omfattande erfaring innan monitorering, evaluering, ansvarleggjering og læring (MEAL) og forsking, noko som har gitt ho djup innsikt i kontekstrelevante tilnærmingar til bistandsarbeid.
Laura har erfaring som spenner frå å ha jobba i palestinske flyktningleirar i Midtausten, og ha bygd lokal styringskapasitet i Afghanistan, til trygg overføring av lab-prøver under Ebola-krisa i Vest-Afrika. Ho har alltid jobba for å skape ein meiningsfull innverknad gjennom å bruke data til historieforteljing.
Sidan juli 2022 har ho vore basert i Aust-Europa, hovudsakleg i Kyiv, og støtta Ukraina-responsen i Moldova, Polen og Romania. Laura verdset fagleg kvalitet og lever etter Zen-prinsippet 随処作主 – «Ver herre over kvar situasjon».
Iris Volg - Rådgjevar
Iris Volg er rådgiver med ansvar for kvantitativ analyse. Tidligere var hun forsker ved Peace Research Institute Frankfurt (PRIF) og ved Institute of Political Science ved Goethe‑University Frankfurt. Hun har en M.A. i International Studies and Conflict Research og en B.A. i Politics and Society, og nærmer seg fullfø
Hun er også Associate Fellow ved Trace Research Center Transformations of Political Violence. Hennes ekspertise ligger innen kvantitative metoder og gjennomføring av large-N studier om intrastatlig konflikt, fredsprosesser og sivilsamfunn. I tillegg har hun erfaring fra rådgiving innen samferdsel og grønn omstilling.