Personvernerklæring
Denne personvernerklæringa gjeld for:
- Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec)
- Uavhengig evalueringsavdeling for norsk utviklingssamarbeid (Eval)
Eval er ein uavhengig avdeling av Norec, med eigen instruks. Eval deler administrative tenester med Norec, som til dømes IT, økonomi, kommunikasjon og HR. Denne erklæringa er formulert for Norec som heilskap, og gjeld difor også Eval.
Erklæringa forklarar korleis Norec samlar inn og brukar personopplysningar.
Erklæringa gir deg informasjon du har rett til å få når Norec behandlar personopplysningar om deg, anten vi får opplysningane frå deg eller frå andre. Den skildrar korleis Norec behandlar personopplysningar i samsvar med personopplysningslova og personvernforordninga (GDPR).
Erklæringa blir oppdatert ved behov. Norec er behandlingsansvarleg.
Personvernombod
Har du spørsmål om korleis vi behandlar personopplysningar, kan du kontakte Norecs personvernombod, Linn-Helen Evensen, på e-post: linn-helen.evensen@norec.no.
Dine rettar
Du har rett til å be om innsyn, retting eller sletting av personopplysningar vi behandlar om deg. Du kan òg be om avgrensing av behandlinga, protestere mot behandlinga og krevje dataportabilitet.
Les meir om desse rettane hos Datatilsynet eller i personopplysningslova.
For å bruke rettane dine, send e-post til norec@norec.no. Du får svar så snart som mogleg, og seinast innan 30 dagar. Dersom du meiner at Norec ikkje følgjer regelverket, kan du kontakte personvernombodet. Du har òg rett til å klage til Datatilsynet.
Korleis vi samlar inn og behandlar personopplysningar
Norec brukar Microsoft Dynamics til lagring av personopplysningar, utsending av nyheitsbrev og påmelding til arrangement. Opplysningane er berre tilgjengelege for tilsette i Norec, som har teieplikt.
Nettsida norec.no og noreval.no
På norec.no og noreval.no kan du melde deg på nyheitsbrev og arrangement. Det er frivillig å oppgi personopplysningar når du brukar tenestene våre.
Behandlingsgrunnlaget er samtykke, med mindre anna er oppgitt. Du gir samtykke når du registrerer opplysningar, og du kan når som helst trekkje det tilbake ved å melde deg av tenesta.
Nordlo er databehandlar og leverandør for utvikling, drift og vedlikehald. FrontKom held ved like nettsidene. Norec har databehandlaravtalar med begge, som òg gjeld eventuelle underleverandørar.
Påmelding til arrangement
Når du melder deg på eit arrangement, oppgir du namn, arbeidsstad og e-postadresse. For større arrangement ber vi òg om mobilnummer. Opplysningar om allergiar og matintoleransar er frivillig.
Opplysningane blir brukte til administrasjon og tryggleik. Vi kan sende deg informasjon før og etter arrangementet.
Opplysningane blir lagra slik at du slepp å registrere dei på nytt ved seinare påmeldingar. Du kan be om sletting ved å kontakte personvernombodet.
Ved deltaking samtykkjer du til å motta informasjon om kommande arrangement og nyheitsbrev. Du kan når som helst trekkje samtykket ved å sende e-post til norec@norec.no.
Nyheitsbrev
Norec sender nyheitsbrev via e-post. Vi behandlar berre e-postadresse i denne samanhengen. Ugyldige adresser blir automatisk sletta over tid.
Opplysningane blir lagra i separate lister og blir ikkje delte med andre enn databehandlar. Behandlingsgrunnlaget er samtykke etter personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a.
Nettstatistikk
Norec samlar inn anonymisert statistikk om bruk av norec.no for å forbetre nettstaden. Til dømes brukar vi statisikk for å måle kor mange som vitjar ulike sider, kor lenge dei blir på sidene, kva nettsider brukarane kjem frå og kva nettlesar dei brukar.
Behandlingsgrunnlaget er rettkomen interesse etter personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f.
Informasjonskapslar (cookies)
Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir lagra på eininga di når du vitjar nettsida. Dei blir brukte for å forbetre brukaropplevinga og laste sider raskare.
Du kan avvise informasjonskapslar når du kjem til norec.no eller noreval.no dersom du ønsker det. Dette kan påverke funksjonaliteten på nettstaden.
På norec.no blir Google Analytics brukt med IP-anonymisering aktivert.
Kontakt med Norec
E-post og telefon
Norec brukar e-post og telefon i det daglege arbeidet. Relevante opplysningar som inngår i saksbehandling blir arkiverte.
Vanleg e-post er ukryptert. Vi tilrår derfor at du ikkje sender sensitive eller fortrulege opplysningar via e-post.
Saksbehandling og arkiv
Personopplysningar blir registrerte i arkiv- og saksbehandlingssystemet etter sakstype. Dette kan omfatte namn, adresse, telefonnummer, e-post og i enkelte tilfelle fødselsnummer.
Norec brukar Public 360° frå TietoEvry, i tråd med arkivlovgivinga og NOARK-standarden. Det er etablert særskilde rutinar for skjerma informasjon.
Opplysningar i klagesaker kan bli utleverte til Utanriksdepartementet som klageorgan.
Varsling
Norec har ei varslingsteneste for kritikkverdige forhold. Varslar blir behandla konfidensielt og lagra i skjerma område i Public 360°. Tilgang er strengt avgrensa.
Personopplysningar blir arkiverte i samsvar med arkivlovgivinga og sletta frå andre system når tenestleg behov ikkje lenger finst.
eInnsyn (offentleg journal)
Norec fører offentleg journal over inngåande og utgåande dokument. Journalen blir publisert i eInnsyn. Personnamn kan ikkje søkjast etter eitt år.
Førespurnader om innsyn blir loggførte.
Spørjeundersøkingar
Norec brukar Microsoft Dynamics 365 Customer Voice til spørjeundersøkingar. Det blir alltid informert om føremål og om undersøkinga er anonym.
Ved identifiserbare undersøkingar er behandlingsgrunnlaget samtykke.
Jobbsøkjarar og tilsetjing
Ved jobbsøknad blir personopplysningar behandla for å vurdere søknaden. Søknader blir handterte via JobbNorge. Informasjon om personvern blir gitt i stadfestinga på mottatt søknad.
Databehandlaravtalar
Norec har databehandlaravtalar med alle leverandørar som behandlar personopplysningar på våre vegner.
Anna relevant lovgiving
Behandlinga av personopplysningar er òg regulert av offentleglova, forvaltningslova og arkivlova med forskrifter.
Omgrep
Den registrerte er personen som personopplysningane gjeld. Behandling av personopplysningar er all bruk av personopplysningar. Behandlingsansvarleg er den som bestemmer føremålet med behandlinga. Databehandlar er den som behandlar opplysningar på oppdrag. Samtykke er ei frivillig, uttrykkeleg og informert erklæring.
Kontaktinformasjon – behandlingsansvarleg
Behandlingsansvarleg: Norec – Norsk senter for utvekslingssamarbeid
Personvernombod: Linn-Helen Evensen
E-post: norec@norec.no
Telefon: +47 57 99 00 00
Postadresse: Fjellvegen 9, 6800 Førde