Hopp til hovedinnhold
Evaluering

Årsrapport 2025: Avdeling for evaluering av norsk utviklingssamarbeid

  • Publisert: 30.03.2026

2025 var det første driftsåret for Avdeling for evaluering av norsk utviklingssamarbeid (Eval) etter at ansvaret for den uavhengige evalueringsoppgåva vart overført frå Norad til Norec 1. januar 2025.

Avdelinga måtte balansere det å bygge interne strukturar og framtidig kapasitet med ferdigstilling av prosessar som vart starta i Norad, deltaking i nasjonale og internasjonale prosessar og fora, og dessutan førebu oppstart av ny evalueringsaktivitet gjennom utvikling av eit evalueringsprogram.

Dette i ei tid med store endringar i føresetnadane for norsk utviklingssamarbeid internasjonalt har vore krevjande, men vi har lukkast i å legge eit solid fundament som vil gje relevante og truverdig evalueringar av høg kvalitet i programperioden.

Den viktigaste prioriteringa for året har vore etablering og konsolidering av drift, deriblant etablering av styringssystem med overordna strategi, og utvikling av eit fleirårig evalueringsprogram iht krav i instruks.

Etablering av verksemda var ein lærerik og spanande øving der ein var godt hjelpt av hospitering frå ein medarbeidar frå Norad og dessutan stab og støttefunksjonar i Norec. Det har vore lagt betydeleg vekt på å etablere system, prosessar og samarbeidsformer som kan bere og utvikle evalueringsoppgåva over tid.

Kva vi lærte i 2025?
Erfaringane frå 2025 viser at det er viktig å involvere sentrale interessentar tidleg og på ein strukturert måte. Det gir meir relevante evalueringar og skaper betre forankring og eigarskap til arbeidet.

Vi har òg lært at overføring av mandat og etablering av funksjon i ein ny organisasjon krev tydelege prosessar. Det bør vere klart kva den tidlegare verksemda skal levere, og til kva tid. I oppstarten fungerer det best med stegvise prosessar, heller enn fleire parallelle løp.

Internasjonalt fagleg samarbeid har vore viktig for både kompetanseutvikling og legitimitet. Det har òg gitt nyttig erfaringsutveksling i ein fase, der vi enno har avgrensa eigne erfaringar.

Til slutt har vi sett at lange ledetider i evalueringsprosessar påverkar både framdrift og bruk av budsjett, særleg i ein etablerings- og overgangsfase. Dette er viktig læring som vi vil bruke for å betre arbeidet vidare.

Avdelingsutvikling
I 2025 vart det gjennomført ei rekkje tiltak for å byggje opp Eval som fagleg og organisatorisk eining, inkludert etablering av interne styringsdokument, utvikling av evalueringsprosessar, utvikling av digitale verktøy (inkl. KI-verktøy) og internkontroll, og utvikling av eigne nettsider.

Institusjonelle samarbeid og bidrag
Det mest sentrale institusjonelle samarbeidet forgår i OECD-DAC sitt evalueringsforum for evaluering av utviklingssamarbeid (EvalNet). Dette har til hensikt å styrke evalueringssystem og -kapasitetar, forbetre kvaliteten og nytteverdien av evalueringar, og bidra til solide kunnskapsgrunnlag for nasjonale avgjerdstakarar. Noreg leiar arbeidsgruppa for konflikt og sårbare statar ilag med Den europeiske utviklingsbanken (EBRD).

Eval deltok òg aktivt i Nordic+ Evaluation Network. Dette er eit nettverk innan OECD-DAC sitt evalueringsforum (EvalNet) beståande av dei nordiske og baltiske landa, og dessutan Irland, Storbritannia, Nederland, Tyskland og Canada. Hensikta med dette nettverket er å utveksle erfaringar og identifisere område for mogleg samarbeid på ulike tema. Eval tok i tillegg initiativ til å ta opp att eit nordiske evalueringsfora på sakshandsamarnivå for erfaringsutveksling og kompetanseheving.

Evalueringar og studiar
I 2025 arbeidde Eval mellom anna med avslutting av første modul i evaluering av Nansen-programmet, Joint Nordics Evaluation of Multilateral Trust Funds, ferdigstilling og lansering av evaluering Norfund, og dessutan førebuing av evaluering av Klima- og skoginitiativet. I tillegg var det gjennomført arbeid knytt til avklaring omkring omfang og problemstillingar av to forslag til evalueringar frå tidlegare eining der konklusjonen var at desse ikkje lengre hadde relevans.

Den meste ressurskrevjande oppgåva har vore å utarbeide eit fleirårig evalueringsprogram for perioden 2026 og 2027. Arbeidet har vore retta mot å sikre at evalueringsporteføljen er strategisk relevant, fagleg solid og godt forankra i overordna mål om læring, kunnskapsbasert praksis og ansvarleggjering.

I utforminga av evalueringsprogrammet har det vore lagt vekt på brei involvering. Gjennom opne og strukturerte innspelsprosessar har Eval henta inn perspektiv frå sentrale aktørar og fagmiljø, med sikte på å identifisere dei mest sentrale problemstillingane for norsk utviklingssamarbeid i ein global kontekst i rask endring. Brei involvering har vore viktig både for å styrkje relevansen i prioriteringane og for å bidra til eigarskap og bruk av evalueringane.

Prosessen har samstundes fungert som ein arena for kompetansebygging, der dialog og faglege drøftingar har bidrege til auka forståing av komplekse og tversgåande utfordringar i norsk utviklingssamarbeid. Slik støttar arbeidet med evalueringsprogrammet òg opp under evalueringsfunksjonen sitt mandat om å fremje læring og eit meir kunnskapsbasert utviklingssamarbeid.

Eval gjennomførte òg aktivitetar retta mot bruk og utnytting av evalueringar, mellom anna gjennom arrangement under Arendalsuka i 2025 og lansering av evalueringa av Norfund.

Rapportdetaljar

Tittel:
Årsrapport 2025: Avdeling for evaluering av norsk utviklingssamarbeid
Publisert:
30.03.2026
Type:
Årsrapport
Antall sider:
9