Hopp til hovedinnhold
Evaluering

Fellesevaluering av den samla internasjonale utviklings- og humanitære responsen på covid-19 pandemien

  • Publisert: 02.07.2026

Koronapandemien (covid-19) førte til ein omfattande internasjonal utviklings- og humanitær respons. «Fellesevaluering av den samla internasjonale utviklings- og humanitære responsen på covid-19 pandemien» vurderte kor relevant, samanhengande, effektiv og kostnadseffektiv den samla responsen var i perioden 2020–2022. Rapporten gir eit overordna bilete av korleis internasjonale aktørar mobiliserte ressursar, samordna innsatsen og støtta samarbeidsland gjennom pandemien.

Sentrale funn og læringspunkt er:

  • God beredskap, etablerte partnarskap og mekanismar for samordning var viktig for å kunne reagere raskt og effektivt på krisa.
  • Fleksibel finansiering gjennom det multilaterale systemet gjorde det mogleg å reagere raskare og meir samordna, og å tilpasse innsatsen til nye behov.
  • Ulik tilgang til vaksinar synleggjorde strukturelle utfordringar i det internasjonale systemet og gjorde det vanskelegare å sikre likeverdige resultat.

Evalueringa blei gjennomført gjennom COVID-19 Global Evaluation Coalition og var eit samarbeid mellom meir enn 60 organisasjonar, mellom anna fleire norske institusjonar. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) koordinerte og leia evalueringa.

Seminar om global helsetryggleik for å formidle funn frå evalueringa

I april 2026 arrangerte Eval eit seminar om global helsetryggleik saman med Norad og Folkehelseinstituttet (FHI). Med utgangspunkt i evalueringa diskuterte deltakarane kunnskapsgrunnlaget, læringspunkt og sentrale utfordringar i arbeidet med Noregs strategi for global helse.

Rapportdetaljar

Tittel:
Fellesevaluering av den samla internasjonale utviklings- og humanitære responsen på covid-19 pandemien
Publisert:
02.07.2026
Type:
Fellesevalueringer